Byrgunder Eplemost

Byrgunder Eplemost blei første gang laga i 2021 av epler som blei hausta i private hagar i Sykkylven, Stranda, Sjøholt og Fjord. Eplemosten inneheld ikkje tilsetningsstoff. I tillegg er eplemosten ufiltrert for å få den ultimate eplesmaken og balansert sødme.

Epla er handplukka av glade og dyktige medborgarar som har behov for ein tilrettelagt arbeidsplass. Deretter blir epla sortert, rensa, pressa og pasteurisert hos Valldal Safteri. Smaken kan variere frå flaske til flaske, sidan epla kjem frå mange forskjellige hagar og er av mange ulike sortar. Dette gjer Byrgunder Eplemost heilt spesiell.

Det er Byrg Kompetanse som står bak initiativet.

Overskuddet fra salg av Byrgunder Eplemost går til trivselstiltak for våre deltakarar på varig tilrettelagt arbeid og arbeidsforberedande trening.

Har du ein hage med eit eller fleire epletre i Sykkylven, Stranda, Ørskog er Fjord? Har du for mykje eple eller for lita tid til å hauste? Kan du tenkje deg å gi bort epla til eit godt formål? Vi kjem gjerne til deg for å hauste epla.

Dette gir meiningsfulle arbeidsoppgåver til dei som har behov for ein tilrettelagt arbeidsplass.

Send ein SMS med kodeord «eple» til 928 54 190. Så kontaktar vi deg for å avtale hausting i september. Du trenger ikkje å være heime når vi kjem, vi avtalar det som måtte passe deg og vi rydder etter oss når vi er ferdig.