Eit litt lengre jobbintervju

Arbeidsforberedande trening er eit tiltak BYRG leverer på vegne av NAV. BYRG bistår personar som av ulike årsaker treng støtte til å kome inn/tilbake i ordinært arbeid eller skule👩‍🎓

Alle som deltek på AFT har som mål å komme over i ordinært arbeidsliv og fungere som ein ordinær arbeidstakar.

For ei bedrift er det å tilsette feil person økonomisk belastande og ressurskrevjande. Eit samarbeid med oss kan sikre di bedrift rett person med rett kompetanse, og di bedrift får moglegheita til å bli kjent med personen før ei eventuell tilsetjing. Slik som i denne flotte saka som Nyss skriv om.

«Hovudårsaka til at dette tilfellet har lukkast, meiner Kvame er samarbeidet med arbeidsgjevar, som både har vist seg fleksibel, villig til å prøve, samt gitt ærlege tilbakemeldingar. Det gjer at Byrg kan tilpasse tiltaket og justere langsmed der det trengst, seier ho, og legg til at ein kan sjå på tiltaket som eit langt jobbintervju. Ho rundar så av med å peike på viktigheita av å gje nokon ein sjanse.

– Det kan faktisk føre til noko skikkeleg bra, slik det har gjort i dette tilfellet.»

Vi håper fleire vil gjere som Grilstad (og andre bedrifter i Sykkylven og Stranda), slik at endå fleire blir inkludert i arbeidslivet.🧑‍💼

Treng di bedrift ekstra arbeidskraft?